Kondolanse i samband med H.M. Kong Harald sin død
Det er med stor sorg bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin død er motteken. Giske kommune flaggar no på halv stang på alle kommunale bygg.
Det blir lagt ut kondolanseprotokoll for dei som ønsker å sende ei siste helsing på servicekontoret på rådhuset idag, fredag frå kl. 12:00 til kl.15:30.
Kondolanseprotokollen vil vere tilgjengeleg på ulike lokalitetar i kommunen fram til og med gravferdsdagen. Tidspunkt og lokalitet vert publisert når dette er klart.
Du vil kunne signere ein elektronisk kondolanseprotokoll på www.kongehuset.no.
Nasjonal sørgeperiode, også kalla landesorg, er ein offisiell periode med sorg som blir erklært av styresmaktene. Regjeringa har erklært nasjonal sørgeperiode frå den dagen kong Harald gjekk bort og til etter gravferda. Les Regjeringa si rettleiing til den nasjonale sørgjeperioden på Regjeringa si nettside.

Sist endra 28.08.2026 12.57