Sjekk inn 2018 blir arrangert 27. desember på Campus Ålesund i kantina til Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) frå klokka 17.00 – 20.00.
Det blir rigga for stands og lagt til rette for møter mellom bedrifter og studentar som ønsker å flytte til regionen, utflytta sunnmøringar eller arbeidssøkande.
Bedriftene kan møte og sikre seg den kompetansen og arbeidskrafta den treng og studentar og unge vaksne kan knyte kontakt med drøymearbeidsgivaren.
Kulturaktørar blir også invitert til å vise fram det mangfaldige tilbodet vi har i regionen, og det blir fleire programpostar både i løpet av messa og i etterkant. Her er det berre å følge med på Facebookarrangementet Sjekk inn 2018.
Sjekk inn for bedrifter
Som utstillar vil bedrifta bli marknadsført på Sjekk inn si heimeside, på Sjekk inn-arrangementet på Facebook, i deltakarinformasjon og pressemeldingar.
Påmelding
Du melder på di bedrift via påmeldingsskjemaet som du finn på heimesida. Fristen for påmelding er 5. desember. Det er er eit begrensa tal standplassar, så her er det først til mølla-prinsippet som gjeld! Meir praktisk informasjon som pris og rigging med meir, finn du i påmeldingsskjemaet og på nettsida sjekk-inn.no.
Gratis Sjekk inn for besøkande!
Til deg som er på utkikk etter jobb eller å sjekke kva som røyrer seg på Sunnmøre, så er det gratis å delta på arrangementet, og du treff mange! I 2017 var det 38 bedrifter som presenterte seg og nærare 500 som var innom på Campus.
Sjølv om arrangementet er gratis så ber vi om at du gir beskjed om du kjem, slik at vi veit noko om kor mange som møter opp.
Det gjer du på Facebookarrangementet Sjekk inn 2018 ved å hake av at du kjem. Her vil vi også presentere utstillarane etterkvart som dei melder seg på.
Er det ei bedrift du kan tenke deg å møte? Skriv oss ei melding på Facebook, så tar vi kontakt med dei og høyrer om dei har høve til å kome.
Kven står bak Sjekk inn?
Sjekk inn arrangerast av Region Ålesund, som er kommunane Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund.
Regionen har knytt til seg desse samarbeidspartnarane for Sjekk inn 2018:
- ÅKP
- NTNU
- Blue Legasea
- Sunnmørsposten
- Studentparlamentet
- Næringsutvalget for studenter
- Næringsforeningen i Ålesundsregionen
- Haram Næring og Innovasjonsforum
- Sykkylven Næringsutvikling AS
- Sykkylven kommune
- Sentrumsforeningen
- Bypatrioten
Du kan lese meir om Sjekk inn på nettsida vår: Sjekk-inn.no og følge med kva som skjer på arrangementet Sjekk inn 2018 på Facebook