Kick-off for samfunnsplanen

 I dag, torsdag 4. mars, er kommunestyret samla til gruppearbeid om samfunnsplanen på rådhuset.

  

Av smittevernomsyn er politikarane inndelt i mindre grupper på ulike grupperom. Ordførar Harry Valderhaug ønskte velkomen digitalt og hadde ei kort innleiing før kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen heldt eit innlegg om kva ho ønskjer at politikarane skal kome fram til i si politiske bestilling til administrasjonen. Ho vil at samfunnplanen fram mot 2030 skal innehalde strategiske mål for samfunnsutviklinga i kommunen. Spørsmåla til politikarane var blant anna; korleis vil du at Giske som samfunn skal vere i 2030?, og korleis skal kommunen vere som tenesteprodusent?. Måla skal vere spesifikke, målbare, ambisiøse, realistiske, tidsbestemte og evaluerbare.

Som innleiarar og foredragshaldarar deltok rådgjevar Anne Irene Myhr frå kompetansesenter for distriktsutvikling og Ole Helge Haugen frå Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Ordførar Harry Valderhaug meiner innleiarane og spørsmåla som er lagt fram  er med på å legge eit godt grunnlag for gode diskusjonar i gruppene som er sett saman på tvers av partia.

  • Det er veldig viktig at heile kommunestyret  er med frå starten av i eit slikt arbeid. Det er viktig at dei folkevalde får eit eigarskap til planarbeidet slik at dei lettare også kan involvere innbyggarane. Det vil gi god «jording» vidare ut til næringsliv, kultur og lag og organisasjonar, seier ordføraren.

Målet er å kome fram til tre til fire overordna mål for samfunnsplanarbeidet.