Kan du tenke deg å bli meddommar?

Kommunestyret skal oppnemne nye medlemar til lagmannsretten, tingretten, skjønsmedlemar, jordskifterett og forliksråd.

Giske kommunestyre skal innan 1. juli oppnemne meddommarar for perioden 2025 - 2028. Ein del meddommarar sit på gjenval frå forrige periode, men der er fleire ledige plassar i alle rettane om nokon ønsker å melde seg.

Ønskjer du meir informasjon om kva det vil seie å vere meddommar? Les meir her

 

Meddommarar til Lagmannsretten vert oppnemnt til Frostating lagmannsrett, rettsstad Trondheim.

Møre og Romsdal tingrett har rettsstadane Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund.

Møre og Romsdal jordskifterett har rettsstadane Molde, Surnadal og Ørsta, men ofte føregår rettsakene lokalt.

Giske kommune har felles forliksråd med Fjord og Ålesund.

 

Ved val av meddommarar er det viktig å oppnemne eit breidt lag av befolkninga, basert på alder, kjønn, yrkeskompetanse, etnisitet osb.

 

Send inn til post@giske.kommune.no innan 24. mai om du vil melde deg!