Innspel til temaplan for pårørandestøtte og -samarbeid
Pårørande er ein viktig ressurs både for sine nærmaste og for kommunen. Giske kommune er no i gang med å utarbeide temaplan for pårørandestøtte og -samarbeid. Utarbeidinga av denne planen er ein del av kommunen si satsing på å ivareta og mobilisere pårørande. Planen vil bygge på rammer og føringar frå den nasjonale strategien og handlingsplanen for pårørande, samt nasjonale pårørandeundersøkingar. I tillegg ønsker vi å gi deg som pårørande i Giske kommune ei stemme inn i arbeidet med planen. Det er verdifullt for oss å få høyre korleis du som pårørande ønsker å bli møtt og støtta, og vi set stor pris på om du vil svare på nokre spørsmål knytt til pårørandeomsorgen i kommunen. Du svarar anonymt.
Trykk på lenka under for å kome til skjema. Skjemaet vil vere aktivt fram til 21.01.26.
Innspel til "Temaplan for pårørandestøtte og -samarbeid - Saman om omsorga" – Fyll ut skjema
Sist endra 06.01.2026 08.11