Informasjonspunkt ved kriser - Her får du hjelp dersom telefon og internett er ute av drift over lengre tid
Dersom det oppstår ei krise med langvarig bortfall av mobilnett eller straum, kan det bli vanskeleg å nå nødetatar eller få viktig informasjon. For å sikre at alle innbyggarar får hjelp, har kommunen oppretta informasjonspunkt på utvalde bygg på kvar øy. Der har dei radioterminalar og kan nå nødetatane, kvarandre, andre kommunar og statsforvaltar.
Kva er eit informasjonspunkt?
Eit informasjonspunkt er ein stad der du kan møte opp for å:
- be om hjelp dersom du treng assistanse
- melde frå om situasjonar som krev oppfølging
- få eventuell viktig informasjon frå kommunen og nødetatar
Kor finn du informasjonspunkta?
Det er sett opp gule plakatar ved inngangsdøra på dei aktuelle bygga i kommunen:

- Rådhuset
- Giske omsorgssenter
- Vigra omsorgssenter
- Godøy bukollektiv
- Giske barnehage
Her kan du ta kontakt med personell som er til stades.
Kvifor gjer vi dette?
Målet er å sikre tryggleik og god kommunikasjon for alle innbyggarar, også når digitale tenester ikkje fungerer. Informasjonspunkta er ein del av kommunen sitt beredskapsarbeid.
Sist endra 26.02.2026 17.37