Informasjon - Statsborgerseremoni 2026

Velkomen til statsborgarseremoni – ei høgtideleg markering av ditt norske statsborgarskap! Blei du norsk statsborgar i perioden 1. januar 2025 til 1. mars 2026? Då vil du snart få invitasjon til ein statsborgarseremoni. Dette er ei høgtideleg og minneverdig markering der vi feirar fellesskap, tilhøyrsle og demokratiske verdiar.

Kva er ein statsborgarseremoni?  

Statsborgarseremonien er ei offisiell markering for deg som nyleg har fått norsk 
statsborgarskap. Seremonien blir arrangert av Statsforvaltaren og inneheld talar og 
kulturelle innslag. Saman seier vi truskapsløftet til Noreg. Seremonien er eit fint høve 
til å feire ditt nye norske statsborgarskap saman med familie og andre nye 
statsborgarar.  

Kven kan delta?  

Du som har fått innvilga norsk statsborgarskap i perioden 1. januar 2025 til 1. mars 
2026, og som er over 12 år, vil få ei invitasjon til å delta. Det er berre dei som mottar 
invitasjon som kan delta. Det er frivillig og gratis å vere med. Som invitert kan du ta 
med deg inntil to gjester. 

Når og kvar?  

I 2026 blir det to statsborgarseremoniar:  

  • Seremonien for kommunane på Sunnmøre blir halden i Ålesund laurdag 5. 
    september 2026. 
  • Seremonien for kommunane i Romsdal og på Nordmøre blir halden i 
    Kristiansund søndag 6. september 2026. 
     

Invitasjon og påmelding  

Digitale invitasjonar blir sende ut i løpet av mai. I invitasjonen står det kva for 
seremonidato du er invitert til, og korleis du melder deg på. 
Vi ber deg svare så snart som mogleg etter at du har motteke invitasjonen.
 
Vi gler oss til å ønskje deg velkomen!

Informasjon - Statsborgerseremoni 2026.pdf (PDF, 61 kB)

Logo statsborgarsermoni med riksløve - Klikk for stort bilete