Informasjon om nye gebyr for vatn og avløp i Giske kommune

For 2024 vedtok kommunestyret ei ny forskrift basert på ei fordeling av gebyr for vatn og avløp (VA) mellom nybygg og forbruk frå eksisterande eigedomar.

Den gamle forskrifta var basert på ein større del av gebyret til vatn og avløp som kom gjennom nye etableringar og ein mindre del gjennom forbruk.

Hovudtanken i den nye forskrifta er at du skal betale for dei kommunale VA-anlegga og det vatnet du brukar. Ein vassmålar vil hjelpe deg å kontrollere forbruk og spare vatn, dermed betale mindre.

Inntektene kjem frå dei som brukar vass- og avløpstenester og skal gå til etablering, drift og vedlikehald av VA-anlegg i Giske kommune, basert på sjølvkostprinsippet (inntekter = utgifter).

Den samla gebyrauka for vatn og avløp skal sikre at Giske kommune klarer å imøtekomme krav frå myndigheiter, nå mål i Hovudplan VA og halde fram med å levere gode VA-tenester til innbyggjarane i Giske kommune.

 

Forskrift for vatn- og avløpsgebyr vedteken 28. sept 2023 er delt inn i:

·         Tilknytningsgebyr er endra frå:

o   Normalsats kr 25.728 eks mva til kr 10.000 for vatn

o   Normalsats kr 59.699 eks mva til kr 10.000 for avløp

·         Årleg abonnementsgebyr for bustad og fritidseigedomar er endra frå:

o   Kr 666 eks mva til kr 2.453 eks mva for vatn

o   Kr 809 eks mva til kr 2.365 eks mva for avløp

·         Årleg forbruksgebyr pr. m³ (målt eller stipulert) er endra frå:

o   Kr 18,61 eks mva til kr 12,30 eks mva for vatn

o   Kr 19,10 eks mva til kr 12,66 eks mva for avløp

·         For industri og kombinasjonseigedomar (landbruk) viser vi til Gebyr og betalingssatsar for Giske kommune.

 

Meir informasjon om gebyrendringa finn du her:

Ny Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Giske kommune ( 2024) 

Nye Gebyr og betalingssatsar, Vedtak i Giske kommunestyre 07.12.2023

Oppheva Forskrift om vass- og avløpsgebyr (2008)

Tidlegare gebyrregulativ 2023