Influensavaksinering

Giske kommunale legesenter mottar influensavaksine i veke 43 og starter dermed med vaksinering 28.10.2021.

 

Personar i følgjande risikogruppe kan no bestille seg time:

  • Beboarar i omsorgsboligar og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsuke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før uke 32 i svangerskapet, fra 6 måneder til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjerte- og karsykdom (annet enn velregulert høyt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sykdom eller skade
    • nedsatt immunforsvar som følge av sykdom eller behandling av sykdom (t.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Ein kan bestille time via https://tjenester.helsenorge.no/. Når ein logger inn vil ein kunne velge mellom to timebøker. Ein kan bestille time på begge to.

Om du ikkje har fastlege her i kommunen eller har problemer med å reservere time digitalt kan ein kontakte legesenteret via heimesida http://giskelegesenter.no/.  Der kan ein bestille time ved å trykke på legetime-ikonet -velg annet eller sende sms til 2097; GISKELEGE fødselsdato, ditt navn og kva det gjeld. Ein kan også ringe sentralbordet på 70 18 85 00.

Eigenandelen for vaksina er 50 kroner. For barn og unge under 16 år, og dei med frikort er vaksinen heilt gratis.