Høyring - lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemål

Giske kommune legg ut lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemål ved jakt på hjort. Høyringsfrist er 14. oktober. 

Giske kommune opnar gjennom lokal forskrift for bruk av restlysforsterkande og termisk siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Forslag til lokal forskrift vedlagt i saka er lagt ut på høyring med 3 vekers høyringsfrist.

Grunngjeving er at det er nødvendig for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følgje av høg hjortebestand. Termisk/restlysforsterkande siktemiddel vil vere eit verktøy som gjer det lettare å ta ut dei riktige dyra i henhald til forvaltningsmåla for hjort i kommunen.

Vedtatt i formannskapet 14.09.2026 - les saka her: https://www.giske.kommune.no/tenester/politisk/motekalender/#/details/m-d7c2bd3c__d4e4__418c__abff__ae52d4fa4794-2611!F8sSAb

Vedtaket frå formannskapet er gjort med heimel i Viltressurslova § 26, Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst § 29a.

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast Giske kommune på ein av følgande måtar:

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.

Jaktvald og aktuelle partar blir underretta i eige brev.

Ansvarleg for høyringa: Nordre Sunnmøre landbrukskontor

Høyringsfrist: 14.10.2026