Henrik takka av

Etter 24 år og 2500 møter i Giske kommune avsluttar næringssjef Henrik Wang si teneste i Giske kommune. Sist kommunestyremøte vart han takka både av politikarane og næringslivet.

 

 

Etter 24 år og 2500 møter i Giske kommune avsluttar næringssjef Henrik Wang si teneste i Giske kommune. Sist kommunestyremøte vart han takka både av politikarane og næringslivet.

  • Henrik har vore ein viktig brikke for næringsutviklinga i kommunen sa Louis Nordstrand, då han på vegne av næringsaktørane takka for samarbeidet. – Han har alltid vore ein ja-mann, ein som har vore positiv til nye som har idéar dei ynskjer å prøve ut.  Det er utruleg mange som har fått dei første og viktige råda frå Henrik.

Ordførar i Giske, Harry Valderhaug takka Henrik på vegne av kommunestyret.

  • Snakk om å gi seg på topp. På den siste kåringa frå NHO vart Giske kommune rangert som nummer 11 av alle kommunene i landet når det gjaldt næringsvennligheit.  Dette er mykje på grunn av Henrik Wang og hans måte å møte næringsdrivande på.  Denne positiviteten og vilja til å gjere det best mogeleg har vi alle nytt godt av sa ordføraren i sin takketale.

Sjølv framheva Henrik Wang den variasjonen i oppgåvar ein byråkrat i ei forholdsvis magert bemanna kommune må utføre.

  • Det har vore kjekt, utfordrande, frustrerande – ja heile spekteret. Og det er vel nettopp det som har gjort at eg har likt meg så godt i jobben i Giske kommune.