Besøk hos kommunane
Prosjektgruppa har det siste året besøkt alle heimetenestedistrikta i Ålesund, Sula, Giske og Haram kommune, samt fleire avdelingar innan rus og psykiatri. Målet har vore å etablere eit samarbeid for å ta vare på branntryggleiken hos heimebuande eldre og andre mottakarar av kommunale heimetenester. Særleg vil vi hjelpe menneske med éin eller fleire risikofaktorar som gjer at ein er meir utsett for brann, og/eller mindre rusta til å handtere eit eventuelt branntilløp. Nedsett syn, høyrsle, redusert rørsleevne, manglande forståing, rus, alder og dårleg tilrettelagde bustader er vanlege faktorar som kan utgjere ein risiko.
Du kan også bidra til å gjere andre trygge
Denne utfordringa gjeld oss alle, og alle kan vere ein ressurs i dette arbeidet. Enten du er pårørande, nabo, kjenning, slektning eller personell for nokon dette gjeld, kan du vere med på å utgjere ein skilnad. Ålesund brannvesen har dedikert personell i faste stillingar som arbeider med branntryggleik hos risikoutsette grupper. Vi veit godt at dei fleste brannar startar i heimane. Visjonen vår er likevel at ingen skal omkome eller bli skadde i brann. Vi ønskjer at alle skal vere trygge heime, både denne sommaren som ligg framfor oss, og alle andre dagar i året. Ta gjerne kontakt med oss, anten ved å melde ei bekymring via branntips.no, eller ved å ta direkte kontakt med oss på telefon.
Med ønskje om ein trygg og god sommar frå Ålesund brannvesen!
Marit Fagerhol
Prosjektleiar Trygg hjemme
Trygg hjemme