Godøytunnelen dagopen frå 2. mars

Statens Vegvesen meldar at Godøytunnelen vert open på dagtid frå 2. mars. Etter fredag 1. mars blir det berre kolonnekøyring på kvelds- og nattestid mellom kl. 19 og 06.

Frå laurdag 2. mars og fram til asfalteringsarbeidet startar måndag 25. mars planlegg vi å halde Godøytunnelen open gjennom heile døgnet så langt dette er mogleg. Det vil bli nokre netter med kolonnekøyring i løpet av denne perioden, men kor stort behovet blir er noko vi må kome tilbake til. Vi kjem til å varsle om stenging på førehand.

Frå 25. mars til 10. april blir det stenging med kolonnekøyring på kveld og natt frå kl. 19 til kl. 06 i samband med asfaltering. Utbetringsarbeidet vert gjort på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir på nettsida til prosjektet her.