Giske legesenter si nettside er ute av drift

Giske legesenter si nettside giskelegesenter.no er tatt ned. Ny nettside for legesenteret blir no fast under Giske kommune si hovudside

Då Giske kommune tok over drifta av Giske legesenter for om lag eitt år sidan, var planen å avvikle den tidlegare nettsida over tid og samle informasjonen på kommunen sine nettsider. Samtidig ønskjer vi at innbyggjarane nyttar Helsenorge for timebestilling, reseptfornying og kontakt med fastlege.

På grunn av eit utgått domene har vi dessverre mista kontrollen over den gamle nettadressa, og domenet er no registrert av ein annan aktør. Etter dialog mellom legesenteret og kommunen har vi valt å ikkje bruke ressursar på å ta tilbake domenet.

Den gamle nettsida til legesenteret legg vi likevel ut på ei ny lenke inntil vi har laga ei ny løysing på eigen portal. Den sida finn du her: Giske legesenter 

Lenke til Giske legesenter sine sider på Giske kommune si hovedside finn du her: 
Giske legesenter - Hovedportal

Vi arbeider no med å få oppdatert søkeresultat hos ulike søkemotorar slik at innbyggjarane blir viste til kommunen sine nettsider i staden for den tidlegare nettadressa. Vi er også i dialog med den noverande eigaren av domenet for å få fjerna innhaldet som ligg der i dag. Vi er likevel klar over at det kan ta noko tid før den gamle sida ikkje lenger er synleg i søk.

Vi beklagar sterkt ulempene denne hendelsen og dei ulempene dette har medført.
Den nye løysinga er ein del av kommunen si ordinære nettdrift og gir eit tryggare og meir robust informasjonstilbod for innbyggjarane våre.