Giske kommune ønsker utleigebustader med tilvisingsavtale
Giske kommune ønsker å samarbeide med profesjonelle utbyggarar om etablering av utleigebustader gjennom tilvisingsavtalar.
Kommunen har særskilt behov for bustader som er tilpassa eldre, mennesker med funksjonsnedsetting og andre.
Kva er ein tilvisingsavtale?
Ein tilvisingsavtale er ein langsiktig avtale mellom kommunen og ein profesjonell utleigar om kommunalt disponerte bustader. Avtalen gir kommunen tilvisingsrett til inntil 40% av alle utleigebustadane i 20 år. I mindre prosjekt (4 bustader eller færre) gjeld tilvisingsretten for alle bustadane.
Dersom kommunen ikkje har behov for å nytte bustadane i ein periode, kan dei leigast ut på det opne markedet, etter gjeldande fristar i avtalen. Det er utleigar som inngår leigekontrakt direkte med leigetakar.
Ved nybygg, ombygging eller kjøp av utleigebustadar med tilvisingsavtale, kan ein søke lån frå Husbanken til heile prosjektet. Husbanken sine kvalitetskrav samsvarar med byggeteknisk forskrift. Meir informasjon om lån til utleigebustader - husbanken.no
Kva kommunen vektlegg i vurderinga
Ved vurdering av aktuelle prosjekt, vil kommunen sjå særleg på følgjande kriterium:
- Beliggenheit: Valderhaugstrand
- Nær kollektivtilbod
- Nærleik til kommunale tenester
- Universiell utforming
- 1-2- roms bustader
- Bustad- og bomiljøkvalitet. For bustader med livsløpsstandard vil særleg storleik på bad og funksjonalitet på bad bli vektlagt, samt heis mellom etasjar.
- Husleigenivå
- Tidspunkt for ferdigstilling
- Plan for uteområde og fellesareal
Tilbodet må innehalde
- Presentasjon av utleigeselskap og firmaattest
- Plan- og fasadeteikningar
- Situasjonsplan
All informasjon som blir sendt inn vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
Søknadsprosess og kontaktinformasjon
Utlysing av tilvisingsavtalar er ikkje underlagt regelverket om offentlege anskaffingar. Søknadar vert vurdert fortløpande.
Innlevering av tilbod og spørsmål kan rettast til:
- Innlevering av tilbod: E-post: post@giske.kommune.no
- Eventuelle spørsmål: Kommunalsjef helse og omsorg/Ass. kommunedirektør Lene Bjørlo Overå. lene.bjorlo.overa@giske.kommune.no
- Meir informasjon: husbanken.no/utleieboliger
- Kontaktperson i Husbanken: Birger Jensen, e-post: birger.jensen@husbanken.no, tlf: 98 06 09 62.
Sist endra 16.10.2025 14.29