Giske hamnevesen har tilsett hamnesjef
Styret i Giske hamnevesen har tilsett Fredrik Giil (43) frå Valderøya som ny hamnesjef.
Styret i Giske hamnevesen har tilsett Fredrik Giil (43) frå Valderøya som ny hamnesjef. Giil kjem frå stillinga som Operation & Safety Manager i Hurtigruten, og har brei erfaring frå maritim operativ drift både som seglande offiser og i leiande stillingar i rederiorganisasjonen på land.
Stillingsutlysinga har fått stor respons, med totalt 21 søkjarar. Etter ein grundig rekrutteringsprosess gjekk fire godt kvalifiserte kandidatar vidare til intervju. Av desse var det Giil som til slutt fekk tilbodet og takka ja til stillinga.

Om tilsettinga seier styreleiar Kenneth Langvatn følgande:
«Eg er godt tilfreds med at vi no får Fredrik med på laget, når nye Giske hamnevesen skal overta forvaltningsansvaret og operativ drift av hamnene i fiskerikommunen Giske. Hamnesjefen får ei nøkkelrolle i å betene brukarane sine behov både på Gjøsund og dei andre offentlege hamnene. Med Fredrik sin bakgrunn og solide kompetanse er eg godt nøgd med at nettopp han inntar denne rolla.»
Giil ser fram til å tre inn i rolla og bidra i utviklinga av eit moderne og framtidsretta hamnevesen i kommunen, og seier:
– «Det er ei stor glede å få tilliten til å leie Giske hamnevesen i ei tid der både hamnene og brukarane står framfor spennande utviklingsmoglegheiter. Eg ser fram til å samarbeide tett med dyktige aktørar i og rundt hamnene, og til å bidra til trygg, effektiv og framtidsretta drift for kommunen og brukarane av hamnene.»
Fredrik Giil tiltrer stillinga seinast 1. juni 2026.
Sist endra 26.02.2026 08.48