Gamal veite på Blimssanden

Giske kommune har fått ein del meldingar om lukt og griseri frå bekken som går ut ved Blimssanden på Vigra.

 

Tekniske eining i Giske kommune seier at dette er eit kjent problem då denne bekken kjem frå gamle veiter/ drenering frå landbruksområdet som grensar til badeplassen. Når dei gjødslar områda på våren så blir det dessverre noko avsig mot denne bekken.

Bekken oppe på land har lagt slik i minst 50 år, medan det som går over stranda skiftar litt etter vinterstormane kvart år.