Funn av granat

I samband med bygging av ny skule på Vigra har arkeologar gjennomført undersøkingar sør for skulens område. Det vart i går kveld gjort funn av ein granat, sannsynlegvis frå 2. verdskrig.

Politiet held vakt på området og representantar frå  Forsvaret kjem til Vigra for å handtere granaten.

 "Skulen kan drifte som vanleg, og vel å flytte undervisninga frå bygget som ligg nærast. Det er trygt å være på skuleområdet" , seier Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef oppvekst.  

Det er sendt melding til foreldra til elevane ved skulen med informasjon om hendinga.