Fullskalaøving i Giske kommune onsdag 3. september

Onsdag 3. september blir det gjennomført storøving på Ålesund Lufthavn Vigra. Det vil medføre utrykningskøyretøy med sirene og blålys fra både ambulanse, politi og brannkorps. 

I samband med øvinga på flyplassen skal Giske kommune øve på å opprette evakuering- og pårørandesenter (EPS) på Valderøy barneskule.

Fullskalaøvinga er eit samarbeid mellom Avinor, nødetatane, Røde Kors og Giske kommune.

Øvinga på flyplassen skjer mellom kl 18.00 - 21.00. 

På Valderøy barneskule vil det bli øving på oppretting og drift av EPS-senter mellom kl 19.00 - 21.30.