Fristen for å søkje plass i barnehage og i SFO frå hausten 2026 er 01.03.2026.


 

Enkel skisse av skule. - Klikk for stort bilete

Barnehage
Giske kommune har to kommunale og seks private barnehagar.

Skulefritidsordning
Det kan søkjast om plass i SFO for elevar i 1. til og med 4. klasse og for elevar med særskilde behov i 5. til og med 7. klasse. Elevar i 1. 2. og 3. klasse har rett på 12 timar gratis i SFO. Det kan søkjast om berre 12 timar gratis SFO, eller dei 12 timane blir ein del av tilboda i SFO som omfattar timar etter skuletid. Barna må meldast på 10 eller 11 månader i skuleåret. Barn som har fått tildelt plass i skulefritidsordningane har plassen til og med 4 . trinn, - eller til plassen blir sagt opp. Det skal ikkje søkjast om nye plassar for hausten 2026 for barna som alt har plass.

Søknad om redusert foreldrebetaling for opphald i barnehage og SFO
Hushaldningar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling. Per plass skal det maksimalt betalast 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden 
Søknadsfrist for redusert foreldrebetaling er 31.07.2026.

Søknadsskjema
Lenke til søknadsskjema for plass i barnehage og SFO og søknadsskjema for redusert foreldrebetaling på https://www.giske.kommune.no.