Fotoboksane vert sett i drift
Frå måndag 6. april kl. 12 vert fotoboksane i tunnelsambandet sett i drift med strekningsmåling. Det vert då målt gjennomsnittshastigheit i Ellingsøy- og Valderøytunnelane i begge retningar, og der alle bilar vert fotografert.
Køyrer ein over fartsgrensa, lyser det eit gult lys etter den andre fotoboksa. Bilete av bilar som held fartsgrensa vert sletta umiddelbart.
Publisert 06.04.2020 15.59