Fire smitta

Fire smitta i veke 41

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Det var totalt fire personar som testa positivt for koronavirus i kommunen i veke 41. Dei fire var tilreisende, smittevegen er ukjend.  

I tillegg var det ein tilsett ved Vigra omsorgssenter som hadde usikkert testresultat på hurtigtest. Det vart tatt PCR-test og vedkommende fekk tilbake negativt testresultat.  

Tilsette som hadde vore i nærkontakt og bebuarar ved aktuell avdeling er også testa. 

Pårørande vart varsla.

Det er færre som tester seg. Vi har god kapasitet på testing med både hurtigtester og PCR for dei som treng det.

Vi oppmodar alle med nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon om å teste seg for korona.

Dei som tester positivt på hurtigtest heime må hugse å bestille test ved teststasjonen for å stadfeste resultatet.