Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av

Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater eigenberedskapslageret ditt med ein beredskapssvenn!

I veke 44 blir Eigenberedskapsveka arrangert 2025. Målet er å auke folks medvit og kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå. Til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremvêret Amy.

Alle treng likevel ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med venner, familie eller naboar om eigenberedskap.

 

 

Dette kan beredskapssvennar hjelpe kvarandre med:

•    førstehjelp ved skadar
•    omsorg og støtte
•    opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
•    omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
•    praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
•    innkjøp, bæring og transport
•    byte eller bytelån av utstyr og varer
•    lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn den
•    felles matlaging


Fakta om Eigenberedskapsveka 2025
•    Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
•    Målet er å auke kunnskapen og medvitet til befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klara seg sjølve i éi veke.
•    Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og/eller informasjonstiltak.
•    Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapssvenn. 
•    På dsb.no/egenberedskap er det mange gode tips om korleis du kan styrkja eigenberedskapen din.