Felles elevrådsmøte

Arbeidet med å etablere ein felles ungdomsskule for heile Giske kommune er godt i gang. Fredag hadde elevar frå alle skulane eit felles elevrådsmøte.

 

  • Hovedpoenget med dette møtet var at elevane skulle bli best mogleg informerte om arbeidet som er i gang. Dei skulle vere dei første til å få orientering om korleis vi tenker oss klasseromma i dei nye lokala i Pyramiden. For oss som driv å planlegg oppstarten av ein felles Giske ungdomsskule i august er det viktig at elevane får seie sitt og at vi så tidleg som råd kan lytte til det dei har å komme med, seier prosjektleiar Hans Pilskog.

Fredag vart dei 12 elevane frå elevråda først tekne imot av ordførar Harry Valderhaug. Deretter vart det ein real arbeidsdag for alle.

  • Vi synes det er viktig at elevane på en skikkeleg måte får uttrykke sine tankar, både positive og negative, om den endringa som kjem. Det er viktig at dei får gjere seg kjende med kvarandre og ikkje minst kva dei andre tenkjer om det nye felleskapet som starter i august, seier Pilskog.

Fredagens samling var den første der representantar frå alle dei elevane som skal bli Giske ungdomsskule var samla. Pilskog seier det vert fleire samlinger framover.

  • Og med tanke på alt det denne flokken av reflekterte ungdommer ga av innspel til oss som skal jobbe vidare med prosjektet er det med glede og inspirasjon vi held fram. Det var kjekt å møte så mange positive ungdommar.