Feide - utilsikta tilgang til personnummer
Sikt – som er leverandør av den nasjonale skuleportalen Feide - har informert om at ein systemfeil har medført at ein del av tjenesteleverandørane (som bruker portalen), har fått utilsikta tilgang til personnummeret av 926 brukarar (tilsette og/eller elever) i Giske kommune.
Feide er ei nasjonal løysing for sikker innlogging og datadeling innan utdanning og forskning. Skulane i Giske kommune brukar denne løysinga.
Avviket skjedde mellom 19. og 25. januar. Personnummera blei delt når brukarane logga seg på Feide i denne perioden. Feilen hos Feide blei retta 25. januar kl. 14.
Sikt vurderer at det ikkje er sannsynleg at brotet medfører høg risiko for dei berørte enkeltpersonane. Personopplysningane hamna hos underleverandørane, og har ikkje vore ope tilgjengeleg på nett på noko tidspunkt.
I Giske kommune har 13 (norske) underleverandørar av (ulike) digitale læremiddel som blir brukt på skulane fått tilgang til opplysningane.
Følgjande tenester har stadfesta at fødselsnummera ikkje vart lagra i nokon system, eller at dei har sletta alle innslag:
Sikt jobbar framleis med å følgje opp og avklare status på:
- Lingit fra Lingit AS (8 personer)
I følgje Sikt er det overlapp mellom personar på ulike tenester. Dermed vil det samla talet ramma personar vere mindre enn summen av personar per teneste.
Sikt har orientert kommunen om at Datatilsynet er varsla om hendinga
Saman med vårt personvernombod (IKAMR) har vi vurdert innhald og omfang av avviket. I samsvar med våre prosedyrar har vi varsla Datatilsynet. Kommunalsjef Oppvekst har orientert rektorane om hendinga.
Meir informasjon:
Feide om hendinga
Sist endra 13.02.2024 11.57