Endra driftsform for Giske legesenter frå 1. oktober

Giske legesenter blir frå 1. oktober ei avdeling i Giske kommune under eining Barn, familie og helse.

Legesenteret skal halde fram med dei same tilsette, dei same fastlegane og i dei same lokala. Mette Helen Tingvoll blir konstituert avdelingsleiar for legetenesta i kommunen. Ho har hatt rolla som konstituert dagleg leiar ved legesenteret fram til 1. oktober. Før overgangen har Giske legesenter vore organisert som eit kommunalt eigd aksjeselskap, Giske kommunale legesenter AS. Etter vedtak i kommunestyret 18. mars 2025 vart det beslutta å avvikle Giske kommunale legesenter AS og overdra verksemda til Giske kommune.