Endeleg vedtatt jordvernstrategi for 2025-2037

Jordvernstrategien for Giske kommune vart vedtatt i kommunestyret (K - 030/25) den 25.04.2025. 

Den vedtatte jordvernstrategien er no tilgjengeleg på kommunen si nettside 
(lenke: endeleg-vedtatt-kommunal-jordvernstrategi-2025-2037-1.pdf)

 

Giske kommune har fått midlar frå Landbruksdepartementet til å utarbeide ein eigen jordvernstrategi for å verne om matjorda og sikre ei berekraftig framtid.


Meininga med ein kommunal jordvernstrategi er å verne dyrka og dyrkbar jord mot omdisponering til andre føremål, som utbygging. Dette er viktig for å sikre matproduksjon, bevare kulturlandskapet og oppretthalde biologisk mangfald. Strategien er tenkt å fungere som eit vertøy for kommunen i areal- og samfunnsplanlegginga, og medverke til å auke kunnskapen om jordbruksareala og medvitet rundt jordvern.


Ein jordvernstrategi kan også hjelpe kommunen med å balansere etterspurnaden for utvikling og bevaring, og sikre at avgjerder om arealbruk blir tatt på eit godt fagleg grunnlag. Dette er særs viktig i ei tid med auka press på jordbruksareal frå urbanisering og andre utbyggingsprosjekt.


Giske kommune har ein lang tradisjon for jordbruk. Historisk sett har jordbruket i Giske kommune vore prega av små og mellomstore gardsbruk som har drive med både husdyrhald og planteproduksjon. I dag er Giske kommune ei middels stor landbrukskommune med om lag 10 000 dekar jordbruksareal, som utgjer ein stor del av kommunen sitt landareal.
Giske kommune set seg som hovudmål å avgrense nedbygginga av dyrka og dyrkbar jord vesentleg. Med ei rekkje delmål skal kommunen nå denne målsettinga.


Ved å verne om dyrka og dyrkbar jord sikrar kommunen tilgjengelig land for matproduksjon. Dette er avgjerande for å kunne produsere nok mat til innbyggjarane, no og i framtida. Ved å verne om jordbruksareala kan ein redusere utsleppa av klimagassar som ellers ville blitt frigjort ved nedbygging og urbanisering. Nok tilgjengeleg jordbruksareal til matproduksjon kan redusere avhengigheita av importert mat og med det auke matsikkerheita. Ved å ta vare på jordbrukslandskapet rett kan ein oppretthalde biologisk mangfald.


Å vurdere tilbakeføring av bustadareal til LNF-areal er eit uttalt mål i kommuneplanen sin samfunnsdel.


Kommunen skal ved hjelp av føresegnene i kommuneplanen sin arealdel sørgje for at jordvernstrategien blir eit effektivt og nyttig verktøy i arealplanlegginga.


Vidare vil kommunen årleg orientere formannskapet (landbruksnemnda) om status i arealrekneskapen.