Eit løft for skulebiblioteka

Giske kommune har fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet til utvikling av skulebiblioteka på alle skulane.

 

Kommunen fekk i tilskotsbrevet tildelt kr. 1 390 000,- til eit to-årig prosjekt som skal gå til auke i personalressurs og kompetanseutvikling. I tett samarbeid mellom kultur og oppvekst set kommunen no i gong arbeidet mot hovudmålet i skulebibliotekplanen vår. 

Eit likeverdig bibliotektilbod på kvar skule kor elevane erfarer at bøker er lett tilgjengelege, inspirerande og som bidreg til auka leseglede og leselyst.”

 

André Hildre

 

11. august starta ein ny skulebibliotekar, Anne Linn Nordstrand Giskeødegård i 100% prosjektstilling. Anne Linn har lang fartstid som lærar og skulebibliotekar i barneskulen.
Anne Linn skal bidra til at barn møter bøker og søker etter bøker, gjennom tilrettelegging av undervisning, meiropne skulebibliotek og inspirerande aktivitetar for både barn og tilsette. 

“Målet er at skulebiblioteket skal vere eit fagleg og kulturelt senter for læring og ein integrert del av den pedagogiske verksemda til skulane i Giske. Elevane i skulen skal finne aktuell og relevant litteratur i skulebiblioteket sitt og bli inspirert til å lese både på skulen og heime.”

Les skulebibliotekplanen vår her (PDF, 541 kB)