Ein stor takk til Haahjem

Onsdag denne veka overrekte ordførar Kenneth Langvatn blomster og konfekt til Kristian Haahjem som takk for istandsetting av eit gamalt anker som vart avduka i samband med Kystverket si overtaking av mudringsprosjektet 12. mars. 

Ankeret vart funn på botnen av Gjøsundet og er med på å symbolisere den viktiga rolla Gjøsund hamn har hatt og vil få i framtida.

Dagleg leiar Kristian Haahjem sa at det var kjekt å få vere med på å bidra ved markeringa av ein slik milepæl for Giske kommune og næringslivet.

Ankeret er eit patentanker som har ei vekt på i underkant av to tonn. Haahjem AS tok på seg jobben med å fjerne rust før dei sette det inn med beskyttande gjennomsiktig olje. Dei sørga også for fundament som ankeret vart rigga opp i slik at det er godt sikra.

No står ankeret støtt i  rundkøyringa nedst på Gjøsundneset. Pål Are Vadstein frå entreprenør Aurstad (t.h.), ordførar Kenneth Langvatn og assisterande kystdirektør i Kystverket Per Jan Osdal (t.v) stod for avdukinga under sjølve markeringa. Seglet som var brukt var utlånt frå Godøy kystmuseum.

  • Giske kommune er takksam for den flotte jobben som er gjort. Og ser fram til vidare samarbeid med å utvikle både hamnefasilitetar og eit tilhøyrande næringsområde, sa ordførar Kenneth Langvatn.  

Det vart også tid til ein liten rundtur i bedriftslokala til Haahjem As på Gjøsund.

Historia om ankeret:

Familien Svinø ved  Eva Kristin Svinø kan no opplyse at ankeret tilhøyrde Nils Svinø. Det blei brukt som bøy for båten Remo samt ein annan båt han hadde før den. Nils var bestefar til Eva Kristin Svinø og han kom med ankeret på ein stor lekter. Seinere blei det brukt av Martin Svinø på "MS Gjøsund". Etter at MS Gjøsund blei seld vart ankeret liggende med blåse men denne vart teken i ein storm.

Familien set pris på at ankeret no blir verdsett,  dette ville nok både bestefar og far ha likt, seier Eva Kristin Svinø.