Eigedomsskatt - Eksempel på utrekning av skattegrunnlaget for bustader med bustadverdi

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

Giske kommune nyttar i hovudsak bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten for å fastsetje eigedomsskattegrunnlaget.
Sjå eksempel her:

I 2021 vert det nytta ein obligatorisk reduksjonsfaktor på 0,7. Eigedomsskattegrunnlaget vert då 70 % av bustadverdien.

Eksempel:

Likningsverdi frå sjølvmeldinga 2019     :                                               Kr.      700.000  

Bustadverdi (formuesgrunnlag)              :           Kr.     700.000  x 4       Kr.   2.800.000

Grunnlag for eigedomsskatt                   :           Kr.  2.800.000  x 0,7    Kr.   1.960.000

Berekna eigedomsskatt for 2021           :           Kr. 1.960.000   x 4 ‰   Kr. 7.840

Om ein meinar bustadverdien er feil, må ei ta kontakt med skatteetaten for å endre på dette.
Endringsmelding kan sendast inn på skjema RF 1366 som ligg på skatteetaten si heimeside.

Andre generelle klager sendast til :

Skatt Midt-Norge, Postboks 2060, 6402 Molde
www.skatteetaten.no/bolig

Tlf. 800 80 000

Ved evt. endring av bustadverdi vil Giske kommune få beskjed om dette frå skatteetaten, og eigedomsskatten vil verte korrigert.
I dei tilfelle kommunen ikkje har motteke bustadverdi frå Skatteetaten, vert taksten fastsett med kommunal taksering.