Du kan no bestille digitale møter/telefonmøte over nett
Giske kommune har oppretta ein digital bookingteneste der du kan bestille tid for å snakke med ein saksbehandler. For tida er tenesten berre åpen for nettmøte eller telefonmøte. Når situasjonen endrer seg med tanke på Covid-19 så vil det også kome muligheit for å reservere fysiske møter.
Tenesten er enkel å bruke og sakshandsamer styrer det som skal skje. For digitale møter sender saksbehandler deg ei lenke på den oppgitte epostadressa di og du treng då berre ein PC-nettbrett/mobil med lyd og mikrofon for å følge møtet. Du treng ikkje lisens for Teams eller Skype for å bruke tenesten.
Sjå bruksanvisning under:
1. Du åpner ein nettleser og går til adressefeltet og skriv følgende adresse: www.giske.kommune.no\booking
Da kjem følende side opp. Kategoriane som er på bildet vil kome til å endre seg med tida ettersom tenesten utvikler seg.
2. Velg det fagområdet du ønskjer eit møte om - Feks Plan, Kart og Eigedom
Her kjem dei saksbehandlerane som arbeider innanfor dette fagområdet opp. Under namnet til saksbehandleren står det kva tittel dei har og kva arbeidsfelt dei jobber med. Her står også ei adresse for kor dei har fysisk kontor men for tida tar vi ikkje imot fysiske møter. Trykk på navnet på den personen du vil snakke med.

3. Når du har valgt saksbehandler kjem du til ei informasjonsside. Her ligg det FAQ (Ofte stilte spørsmål) som du kan åpne med å trykke på pila til høgre for spørsmålet. Øverst står instrukser for korleis bookingtenesten fungerer. Nederst står fagspørsmål som saksbehandler sjølv har lagt ut. Sjå på desse lenkene før du bestiller tid. Kanskje ligg svaret her.
Ønsker du å bestille møte trykker du på Reserver tid
4. Når du har valgt Reserver tid så vil du få opp kalenderen til saksbehandleren. Velg ein ledig dato, velg vidare eit ledig klokkeslett og trykk Fortsett
5. Fyll ut skjema, velg nettmøte eller telefonmøte og trykk fortsett og til slutt "Fullfør reservasjon" Hr du valgt telefonmøte vil saksbehandler ta kontakt på oppgitt telefonnummer til bestemt tid. - Har du valgt nettmøte vil saksbehandler sende søker ei lenke på oppgitt epostadresse som gir tilgang til et nettmøte. Saksbehandler vil bruke kamera under møtet. Det er hyggelig og heilt frivillig dersom søker også vil har på kamera.
Publisert 14.01.2021 16.11