Du er ein del av beredskapen i Norge
Når samfunnet blir ramma av ei omfattande hending eller krise er det mange som treng hjelp. Om vi er mange som er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss under ei hending, kan vi sette inn hjelpa der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Norge.

Kva treng du?
I lista ser du eksempel på ting ein kan ha i hus for å klare seg i minst tre døgn. Tenk gjennom kva som trengst der du bur.
- 9 liter vatn per person
- 2 pk knekkebrød per person
- 1 pk havregryn per person
- 3 boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- 3 boksar pålegg med lang lagringsevene per person
- nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
- medisinar du er avhengig av
- ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
- fyrstikker eller lighter
- varme klede, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridriven DAB-radio
- batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke-/ toalettpapir
- litt kontantar
- ekstra drivstopp og ved/ gass/ parafin/ raudsprit til oppvarming og matlaging
- jodtablettar ved atomhendingar
Klikk her for å lese heile brosjyra med råd om eigenberedskap.
Sist endra 05.11.2023 10.18