Driftsproblem påverkar Outlook og Teams i fleire kommuner

Driftsproblem påverkar Outlook og Teams

Giske kommune opplever for tida driftsproblem som påverkar enkelte tilsette sin tilgang til Outlook og Teams. Feilen råkar òg dei andre kommunane i eKommune Sunnmøre: Ålesund, Haram, Sula og Fjord.

Dette kan føre til forseinkingar i både intern og ekstern kommunikasjon. Det blir arbeidd med å rette feilen så raskt som mogleg.
Problemet skuldast feil i synkronisering av brukaropplysningar. Det er ikkje teikn til dataangrep, og tilgangen til kritiske helsesystem er ikkje påverka.

Innbyggjarar og samarbeidspartnarar må rekne med noko lengre behandlingstid på førespurnader enn normalt. Vi oppdaterer informasjonen så snart vi har ny status.

Vi beklagar ulempene dette medfører. 

NRK har også omtalt saka her:Problem med e-post i fem kommunar – NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio

Saka oppdateres

Om eKommune Sunnmøre
Giske kommune er ein del av eKommune Sunnmøre saman med kommunane Ålesund, Haram, Sula og Fjord. Samarbeidet leverer felles digitale tenester til kommunane.

laptop PC med hand som jobber på tastaturet - Klikk for stort bilete