Bustadpolitisk plan 2026-2036

Giske kommune har for første gong utarbeida ein Bustadpolitisk plan. Kommunen er ein viktig aktør på bustadområdet, dette som tilretteleggar, eigar, leigetakar og pådrivar for bustadutviklinga i kommunen. Kommunen må difor ta ei større og meir aktiv rolle i bustadutviklinga i kommunen

Denne planen bidrar til det, men det er avgjerande at kommunen følger opp planen vidare i andre kommunale planar, som kommuneplanen sin arealdel, og ikkje minst gjennom operasjonalisering av tiltak og handlingar som ligg i planen.
Bustadpolitisk plan er eit strategisk styringsverkty for kommunen sin administrasjon og politikarar. Føremålet med planen er å etablere ein heilskapleg bustadpolitikk for Giske kommune som skal sikre at bustadutviklinga i kommunen blir heilheitleg, målretta og effektiv. Bustadpolitisk plan er eit verkty for å sikre forutsigbarheit og betre og meir koordinerte tenester på bustadområdet. 

Lenke til bustadpolitisk plan: 
Bustadpolitisk plan 2026-2036