Brosjyre - Kva gjer vi når ulukka er ute?

Giske kommune si brosjyre “Kva gjer vi når ulukka er ute?” er revidert.

Der kan du lese om beredskapssystemet i Giske kommune, moglege hendingar, varsling og beredskap i heimen.

 

Beredskapssystemet i Giske kommune skal ta vare på innbyggarane ved nødhendingar og ekstreme situasjonar etter reglane som er fastsett i Lov om kommunal beredskapsplikt, Sivilbeskyttelseslova og forskrifter.

I Giske kommune omfattar beredskapssystemet:

  • Kommunestyret (politisk)
  • Beredskapsleiinga (administrasjonen)
  • Kriseteamet (fagpersonell)
  • Beredskapsrådet (eksterne etatar)

 

Varsling

Avhengig av type hending kan det bli varsla med sirener, som sms, over radio, eller berre intern i beredskapssystemet. 

Informasjon om krisehendingar bruker å bli informert om på kommunen si heimeside og facebook-side.

 

Eigenberedskap

I brosjyra finn du mellom anna:

  • tips til korleis du kan beskytte eigen eigedom før storm
  • råd i farlege situasjonar
  • informasjon om kva du bør ha i hus

 

Skaffe hjelp ved bortfall av mobilnett og internett

Ved nødsituasjonar som skjer samtidig som bortfall av mobilnett og internett kan befolkninga oppsøke omsorgssenter/ bufellesskap på Vigra, Godøy og Valderøya. Dei har tilgang til radioterminalar, og kan kontakte naudetatar og beredskapsleiinga.

 

Meir informasjon om beredskap i Giske kommune finn du på heimesidene våre.

Du kan laste ned brosjyra “Kva gjer vi når ulukka er ute?” frå Giske kommune sin Eksterne portal. Der finn du også andre offentlege dokument.