Brannøving i Alnestunnelen onsdag 6. april

 Møre og Romsdal fylkeskommune, naudetatane og Redningsselskapet skal ha øving i Alnestunnelen i Giske kommune onsdag 6. april. Tunnelen blir heilt stengt mellom kl. 18.00 og 21.00.

logo 

Publikum vil kunne sjå røyk frå tunnelen og stor aktivitet frå naudetatane i området. - Brann og ulykker inne i tunnelar er ei stor utfordring for naudetatane. Difor er det viktig at dei får øve, til dømes på å styre ventilasjon, redning og evakuering, seier brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune. Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane. Veit du kva du skal gjere om det skjer noko i tunnelen du køyrer i?

• Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengt med raude lys eller bom.
• Om det skjer noko i tunnelen, bruk naudtelefonane og ikkje mobiltelefon. Operatørane på vegtrafikksentralen vil sjå kva tunnel du ringer frå og nøyaktig kor i tunnelen du er. Det er viktig informasjon for å kunne hjelpe deg. Operatøren vil varsle naudetatane om hendinga krev det og gi deg råd om kva du skal gjere vidare.
• Om du lausnar eit brannslokkingsapparat i tunnelen blir også vegtrafikksentralen og får informasjon om kor i tunnelen du er. Tunnelen blir automatisk stengt.
• På alle naudstasjonar i tunnelen står det avstand til næraste opning på tunnelen.
• Vurder situasjonen. Køyr ut av tunnelen om det er mogleg. Følg alltid instruksjonane du får om køyreretning frå vegtrafikksentralen eller naudetatane.
• Forsøk å varsle møtande trafikk

Viktige lenker

Ukraina