Brannøving - Giske kommune 5. mars 2024 - klokka 16.45 - 20.00

Brannvesenet vil tysdag halde ei større BRANNØVING i Giske kommune. Det blir trent på husbrann i område rådhuset / Løkevegen. Det vil i periodar vere utrykkingskøyretøy med sirener og blålys rundt om i heile Giske kommune.

Brannøvinga blir halden i området ved rådhuset / Løkevegen tysdag 5. mars mellom klokka 16.45 og 20.00 der brannvesenet vil trene på ein husbrann.

Det vil nyttast røyk og markørar med “skadar” for å få ein mest mogleg realistisk øving for brannmannskapa.

Giske kommune ber skodelystne om å halde god avstand til øvingsområda slik at brannmannskapa får øve i fred og ro.

Giske kommune beklagar ulempa dette medfører, men det er heldigvis berre ei øving denne gongen.