Brann på Valderøya

Eit hus på Øvre Nordstranda på Valderøya brann ned til grunnen søndag kveld. Mannskap frå alle naudetatar kom raskt til staden. 

   

(Foto: Simen Skuseth)

Ingen personar vart skadd i brannen. Det er ikkje lenger fare for at brannen skal spreie seg til andre hus i nabolaget. Beredskapsleiinga i Giske kommune har hatt møte søndag kveld. Kriseteamet møtast mandag føremiddag for å følge opp vidare.

Personar som treng bistand i løpet av kvelden kan ta kontakt med legevakta på 116-117.