Barneskulane i Giske får leikepatruljer

Alle barneskulane i Giske har kursa patruljeførarar i Leikepatrulja. Målet til Leikepatruljen er å få barn til å bevege seg meir i løpet av skuledagen gjennom leik i frikvartera. Utvalde elevar frå alle barneskulane som har søkt om å bli patruljeførarar fekk i dag opplæring i Vigrahallen.

Det var elevar frå 4.-7. klassetrinn frå alle barneskulane som blei utdanna til patruljeførar i leikepatrulja. Kurset blei arrangert av Giske kommune og Sunnmøre friluftsråd.  Tilbake på skulane skal elevane, som no har blitt patruljeførar i Leikepatruljen,  fungere som forbilde for yngre skulekameratar. Dei skal inspirere  og inkludere dei yngste elevane til å bli med i leiken.

Det er samanheng mellom fysisk aktivitet hos barn og unge, og korleis dei opplever eiga helse og trivsel. Leikepatruljen er på den måten også med på gjennom fysisk aktivitet å skape sosiale relasjonar på tvers av alder, kjønn og sosiale forhold. I tillegg fekk alle barneskulane ein utstyrspakke med aktivitetsleiker og vestar frå Gjensidigstiftelsen.