Asfaltering Øvstevegen, Valderøya torsdag 1. september

Asfaltlegging - Klikk for stort bileteAsfaltlegging https://www.istockphoto.com/illustrations/laying-asphalt Det er planlagt asfaltering av deler av Øvstevegen på Valderøya torsdag 1. september.

Arbeid med fresing av vegen er planlagt å starte i perioda 14:00-15:00. Det er planlagt å starte å legge asfalt frå 20:00. Det vil vere trafikkdirigering under heile arbeidet. Under fresinga vil eine køyrefeltet vere opent. Under asfalteringa kan det hende ein må bruke omkøyringsveg. 

Trafikk som kjem frå sør kan køyre via Jovegen til Spar, og via Skaret og Grødalsvegen om dei skal vidare nord. Trafikk som kjem frå nord og skal til Spar kan køyre via Grødalsvegen og Skaret. Jovegen er kun tenkt open i retning sør mot nord. Omkøyring for gjennomkøyrande trafikk frå nord til sør må køyre via fylkesvegen.