Årets Bedrift i Giske er kåra

Breivik Mek. Verkstad AS er kåra til Årets Bedrift i Giske for 2018. Bakgrunnen er bl.a. stødig og langvarig vekst frå enkeltmannsføretaket som Ken Breivik starta i 1994 til den store verkstaden på Valkvæ. I dag sysselset bedrifta over 30 personar, har solid eigenkapital og leverar produksjonsutstyr både lokalt og internasjonalt.

Prisen vert utdelt av juryformann Jan Ove Skodje og ordførar Harry Valderhaug på kommunestyremøtet 14. februar kl. 17. Overrekkinga vert overført direkte på Web-TV.

I juryen si grunngjeving står følgjande:

"Prisen for Årets Bedrift i Giske vert her utdelt for 11. gong. Prisen skal vise at vi har eit oppgåande næringsliv i kommunen med bedrifter som både er innovative og som over tid viser utvikling både personellmessig og økonomisk. Prisen vert i år tildelt Breivik Mekaniske Verkstad AS på Valkvæ, Godøya.

Prisen vert tildelt av ein jury samansett av næringslivsfolk og politikarar. I juryen sit Jan Ove Skodje (juryleiar), Olav Sindre Roald, Ina Giske, Gunnar Kvalsund og Frode Mauren. Næringssjef Henrik Wang er sekretær for juryen. Premien er eit diplom og eit kunstverk av ein kunstnar frå kommunen.

Årets kunstnar er Ørnulf Opdahl med kunstverket «Vinter i vest». Opdahl treng vel ingen nærare presentasjon som ein av dei leiande norske kunstnarane vi har av internasjonalt format. Han er jo også næraste nabo til Breivik Mek. Vi kan vel difor seie at prisen denne gongen er svært «kortreist».

Kriteria som skal vurderast før tildeling er mange, og juryen står relativt fritt med omsyn til kva ei skal leggje mest vekt på. Grunnleggjande kriteria er likevel god økonomi, utviklingsfokus og samfunnsnyttig verksemd.

Ken Breivik starta opp Breivik Mek. som enkeltmannsføretak i 1989, og bedrifta har utvikla seg svært godt som ein innovativ verkstad - i starten mest med å overhale utstyr frå det tyske selskapet Baader, men seinare også å utvikle eigne maskiner og løysingar for fiskeria. I dag har Breivik Mek. over 30 tilsette, nær 8,5 mill kr i overskot i 2017 og god eigenkapital.

Bedrifta har sterkt kundefokus – utvikling av tekniske løysingar i nært samarbeid med kundene som er både fiskeribedrifter og reiarlag lokalt og internasjonalt. Optimar på Valderøya er blant dei største kundane, og bedrifta leverar fileteringsmaskiner til bl.a. russiske fabrikkskip.

Nyaste maskina frå Breivik Mek. er ei fileteringsmaskin som automatisk stillar seg etter kva fiskeslag som skal skjerast. Systemstyring kan skje via satellitt, og dei uttenkte løysingane bidreg til at fiskeråstoffet vert høgare utnytta enn tidlegare."