Aktivitetstilbod i omsorgssentra i Giske kommune

 Giske kommune søkte Fylkesmannen i Møre og Romsdal om tilskot til aktivitetstilbod for langtidsbuande ved omsorgssentra våre og søknaden vart imøtekomen med kr. 540 000 :)
 

Tilskotsordninga er etablert som ei eingongsbevilling for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt for eldre personar som er langtidsbuande ved sjukeheim og omsorgsbustad med heildøgnsbemanning.

Giske kommune har gode samarbeidspartar gjennom frivillige, skule og barnehage som bidreg positivt inn mot omsorgssentra med ulike former for aktivitet og trivselstiltak, men under pandemien er tilbodet redusert for å minske risiko for smitte i avdelingane.

Vi vil nytte tilskotet ved å tilsette ein aktivitør i dei ulike omsorgssentra som skal bidra til trivselstiltak som baking, trim, tur i nærområdet, bingo, høgtlesing, song og musikk  m.m Dette er aktivitetar vi veit det blir sett stor pris på!

Vi ynskjer å rette ein stor takk til venneforeininga på Godøya, frivillighetssentralen, Eldres Vel, frivillige, foreiningar, Skule og barnehage for alt dokke bidreg med for dei eldre i omsorgssentra våre og vi ser fram til pandemien har lagt seg og det gode arbeidet kan tas opp igjen!

Helsing personale og leiarar i omsorgstenestene.