Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt beste | Fotograf: Haram kommune Haram kommune Sist endra 09.07.2025 10.43
To smitta, testar alle tilsette Ein person har avgitt positiv koronatest, og ein annan har testa positivt på hurtigtest. Publisert 01.05.2021 kl. 19.21
To nye smitta Det er meldt om to nye smitta i Giske kommune. Begge har milde symptom. Publisert 30.04.2021 kl. 16.39
Stikk Ut-sesongen opnar denne helga 1. mai går startskuddet for årets Stikk UT!-sesong. Publisert 30.04.2021 kl. 10.29
Indisk mutant i Giske Eit tilfelle av det indiske-muterte korona-viruset er oppdaga i Giske kommune. Publisert 29.04.2021 kl. 19.11
Fem smitta etter besøk på Toldboden Det er meldt om ein ny smitta, også denne knytt til Toldboden i Ålesund. Det er ikkje registrert nærkontaktar i lokalbefolkninga i Giske i dette tilfe... Publisert 29.04.2021 kl. 15.50
Vil styrke tiltak og auke merksemd rundt vald i nære relasjonar Handlingsplanen mot vald i nære relasjonar skal handamast i kommunale råd og utval samt takast opp til behandling i kommunestyret 17. juni. Publisert 28.04.2021 kl. 10.53
To nye smitta To personar har testa positivt. Smitten er knytta til utbrotet i Ålesund på Toldboden. Publisert 28.04.2021 kl. 08.55
Rusken-aksjon i Giske 2021 Det er tid for vårrydding og Giske kommune vil i år tilby henting av herrelaust avfall som frivillige samlar inn langs vegar og stiar, og i friområde. ... Publisert 26.04.2021 kl. 09.59
Ein ny smitta Det er meldt om ein ny positiv koronatest i Giske kommune søndag ettermiddag. Publisert 25.04.2021 kl. 20.50
Ein person er smitta Giske kommune har fått melding om at ein annan person har testa positivt no i ettermiddag. Publisert 24.04.2021 kl. 17.31