Ikkje rør rådyrkjeLytt til tekstenStopp avspillingVi er no inne i ei tid der rådyra har nyfødde kalvar (rådyrkje). Det er viktig at publikum ikkje forstyrrar, tar på eller flyttar kje ein måtte kome over. Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt besteDet er heilt normalt at rådyrmødre legg frå seg kjea sine – dei ligg stille og «trykkjer» for å unngå å bli oppdaga av rovdyr.Rådyrmora er som regel ikkje langt unna. Dersom eit menneske tar på kjeet, kan det sette luktspor som gjer at mora avviser det. Difor er det avgjerande at ein lar kjeet vere i fred.Av og til kan rådyrkje legge seg på farlege stader, som i vegkantar eller nær gangfelt. Om du oppdagar eit kje i ein slik situasjon, bør du varsle politiet på telefon 02800.Hugs også at det er bandtvang frå 1. april til 20. august. Laus hund i denne perioden kan gjere stor skade på rådyrkje – uavhengig av størrelse.Rådyrkalvar er vakre skapningar, men unngå nærkontakt til dyret sitt beste | Fotograf: Haram kommune Haram kommune Sist endra 03.07.2025 14.45
Ny sentralbordløysing for skulane i Giske kommune Frå måndag 6. november 2023 så kjem det nokre endringar i sentralbordet når du ringer til skulane i Giske kommune. Publisert 02.11.2023 kl. 14.31
Slik blir du betre førebudd på krise Tema for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVE. Vi oppfordrar alle innbyggjarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrkje eigenberedskapen.De... Publisert 30.10.2023 kl. 07.00
Storslått GISO-dag! 26. oktober 2023 var det duka for GISO 2023 - Giske Science Opera.Alle elevane frå 5.-7. klasse frå alle barneskulane våre var samla på Valderøy barne... Publisert 26.10.2023 kl. 18.30
Trening for Ålesund HV-område 23.-27. oktober Ålesund HV område 11212 gjennomfører i tidsrommet 23-27.10.2023 den årlege treninga si med oppmøteog dimisjon ved Langevåg skytebane i Sula Kommune. Publisert 24.10.2023 kl. 07.43
Ny ordførar på plass Torsdag 19. oktober tok Kenneth Langvatn (H) over som ordførar etter Harry Valderhaug (Krf) som går inn i rolla som varaordførar. Publisert 20.10.2023 kl. 15.33
Konstituerande kommunestyremøte 19. oktober 2023 Idag skal kommunestyret for komande periode 2023-2027 konstituere seg. Publisert 19.10.2023 kl. 14.35
Digitalt foreldremøte Onsdag 25. oktober inviterer politirådet i Ålesund ved SLT-nettverket og førebyggande eining ved Ålesund politistasjon til eit digitalt foreldremøte k... Publisert 18.10.2023 kl. 13.29
Influensa- og koronavaksine Giske kommunale legesenter mottar influensa- og koronavaksine i veke 42 og startar med vaksinering 18.oktober. Publisert 18.10.2023 kl. 12.41
Ny prosjektleiar Gjøsund Giske kommune har tilsett Linn Indrestrand (40) som prosjektleiar for vidare utvikling av Gjøsund fiskerihamn og næringsområde. Publisert 11.10.2023 kl. 15.26
Undersøker grunnen på Gjøsundneset Giske kommune har starta opp miljøgeologiske grunnundersøkingar av området på og rundt miljøstasjonen på Gjøsundneset. Dette blir utført av Multiconsu... Publisert 02.10.2023 kl. 11.31