Frigjerings- og veterandagen skal markerast på eit felles arrangement i Ålesund 8. mai.
Feiringa startar kl. 17 ved monumentet De falne til minne ved Ålesund kyrkje. I år har Ålesund, Giske og Sula kommunar samt NVIO avd Sunnmøre og Ålesund sentrumsforeining gått saman om ei felles feiring. Det blir korpsmusikk, talar og tog mellom fleire av krigsmonumenta i Ålesund sentrum. Til slutt er det ei eiga samling for veteranar med følge.
Program:
Kl. 17.00 Minnestund ved monumentet De falne til minne, Ålesund kyrkje
17.30 Samling ved monumentet over Englandsfarten, Skateflukaia
17.40 Samling ved monumentet over Margit Johnsen (Malta-Margit), Skateflukaia
18.00 Samling ved minnesmerket over krigsseglarane 1939 - 1945, Skansekaia
18.40 Samling ved Joachim H. Rønneberg-statuen, Joachim H. Rønnebergs plass
19.00 Samling med kaffi og kake for veteranar med følge, og andre spesielt inviterte, i bystyresalen
Det vil bli forsøkt sett opp felles transport for dei som ikkje kjem seg til Ålesund på eiga hand. Om du treng transport, kan du sende ein SMS til 906 03 977.
Sist endra 07.05.2025 14.59