18 søkjarar til HR-sjefstilling

Til saman 18 personar har søkt på HR-sjefstilling i Giske kommune. 12 kvinner, fem menn og ein ukjent. Det er rekrutteringsbyrået Headvisor som bistår kommunen i denne prosessen.  

Vinterbilde med snø av østsida av Giske rådhus. - Klikk for stort bilete hewa

Sju kandidatar søkte om å verte unnateke offentlegheit med grunngjeving i offentleglova §3 og offentleglova §25. Tre av søknadane vert vurdert å ha grunnlag for å unnateke offentlegheit. Fire kandidatar blei vurdert å ikkje ha grunnlag for å verte unnteke offentlegheit. Desse valde å trekkje sin søknad. 

Her er lista.  (PDF, 98 kB)