Oppstart områderegulering og høyring planprogram - Sætra og Gjøsund

Giske kommune varslar oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for utvikling av Sætra og Gjøsund til nytt senter for handel, næring og service i kommunen.

 

Giske kommune varslar oppstart av planarbeid og høyring av planprogram for utvikling av Sætra og Gjøsund til nytt senter for handel, næring og service i kommunen, i henhold til Plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-9. Frist for innspel er sett til 26.10.2018

Hensikta med planarbeidet er å utarbeide ei områderegulering som på ein heilskapeleg måte avklarar moglegheiter for utvikling av området og legg til rette for eit funksjonssenter med handel, service og næring. Tilrettelegging for eit attraktivt og levande område med forretningar, kontor, tjenesteyting, bustader og møteplassar/grønstruktur innafor avklart bebyggelsesstruktur.

Planområdet er i kommuneplanen sett av til kombinasjonsformål; handel/service, næring, offentleg og privat tenesteyting og bustad. I tillegg LNF-områder og friluftsområder. Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing, og forslag til planprogram blir lagt ut til offentleg ettersyn samtidig med varsel om oppstart.

Det blir halde folkemøte på Giske rådhus, kommunestyresalen, den 16. oktober 2018 kl. 18.00 – 20.00.

Innspel til oppstartsvarsel og eventuelle merknadar til planprogram sendast skriftleg til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller post@giske.kommune.no innan 26.10.2018.

Viktige lenker

Ukraina