RIVE VÅTROM

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge riving av våtrom 

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er søknadspliktig eller ikkje,  her under om du kan: 

  1. søke sjølv eller, 

  1. leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

Søknadspliktig eller ikkje?

Våtrom

Riving av våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining eller branncelle, er ikkje søknadspliktig. Det gjeld også i bygg med fleire bueiningar så lenge ein ikkje berører brannskille. 

Riving av våtrom i eksisterande bygg som berører fleire brukseiningar/brannceller eller berører brannskille er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg. 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan rive på eigedomen din eller ikkje, uavhengig av om du må søke eller ikkje.

Det første du må gjere er å lese grundig over reguleringsplan for din eigedom for å sjå om det står noko om tilgjenge til å rive.
Regulert føremål

Eventuelle krav eller restriksjonar finn du i reguleringsplanen og føresegnene for din eigedom.

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan  

Omsynssoner

Vidare må du sjekke om eigedommen din ligg under ei omsynssone som kan sette grenser for riving.

   

 

 

Sjekk om det er teikna inn ein eller fleire omsynssoner på eigedomen det skal rivast på. Dette sjekkar du i reguleringsplanen eller i arealdelen til kommuneplanen.

 

Aktuelle omsynssoner ved riving er:       

 

Ta kontakt med kommunen for rådføring og vidare prosess dersom eigedomen er rørt av ei slik sone. Send e-post til post@giske.kommune.no. Hugs å informere om gards- og bruksnummer, og kva det gjeld.

SEFRAK / bevaringsverdig

Er bygg bevaringsverdig må det innhentast uttale / godkjenning frå kulturminnemyndigheitene jf. SAK10 § § 19-3, 6-2.

Er huset bygd før 1900 må du kontakte kulturkontoret i kommunen. Send e-post til post@giske.kommune.no. Husk å oppgi  gards- og bruksnummer og kva det gjeld.

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

  Må søke kommunen om løyve til riving  

Kan rive utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.