ENDRE VÅTROM

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge endring av våtrom.  

Etter at du har skaffa deg det «underlagsmaterialet» du treng, sjekk om byggeprosjektet er søknadspliktig eller ikkje,  her under om du kan: 

  1. søke sjølv eller, 

  1. leige ein fagperson (ansvarleg søkar) som kan gjere jobben for deg 

 

Søknadspliktig eller ikkje?

Våtrom

Endring, utviding eller totalrehabilitering av våtrom i eksisterande bygg innanfor ein brukseining eller branncelle, er ikkje søknadspliktig. Det gjeld også i bygg med fleire bueiningar så lenge ein ikkje berører brannskille. 

Endring, utviding eller totalrehabilitering av våtrom i eksisterande bygg som berører fleire brukseiningar/brannceller eller berører brannskille er søknadspliktig og ein fagperson må søke for deg. 

Andre krav kan også sette grenser for om du kan gjere endring på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under.
Regulert føremål

Det første du må sjå på er om grunnen du skal gjere endringa på er regulert til formålet.  

Formålet til eigedomen din finn du i reguleringsplanen. Til dømes er grunn regulert til bustader markert med gul farge i kartet.  Kva den enkelte farge betyr finn du i teiknforklaring på kartet.   

Illustrasjonen viser utsnitt av ein reguleringsplan. Gul farge viser at grunnen er avsett til bustad. Grøn farge viser friområde. 

Regulering til bustader   
Dersom grunnen er regulert til bustader er kravet om regulert føremål ivaretatt.   
  
Ikkje regulert til bustader   
Dersom grunnen ikkje er regulert til bustader kan det likevel gjerast endringar dersom tiltaket IKKJE er søknadspliktig. 
Er tiltaket søknadspliktig må du søke om dispensasjon.    

NB! Omregulering frå LNF-formål til bustadføremål er svært vanskeleg å få gjennomslag for. Dispensasjonssøknaden må skrivast av ein profesjonell aktør og søknaden må også behandlast av jordlovsmynda.   

    

Dispensasjon  
Dersom du ønsker å gjere endring i strid med føremålet, må du søke kommunen om dispensasjon.   

Skriv ned at du kjem i konflikt med føremålet. Gå vidare og sjekk neste krav. Informasjon om korleis søke dispensasjon vil du få seinare.   

Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

      Må søke kommunen om byggeløyve      

Kan bygge utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.