ENDRE PIPE OG ELDSTAD

Her vil du få rettleiing til korleis du bør planlegge endring/rehabilitering av pipe og korleis du bør planlegge endring/rehabilitering av eldstad.

Søknadspliktig eller ikkje?

Eldstad

Du treng ikkje søke om å endre/rehabilitere peis eller omn, men du må sende melding til feiar/brannvesenet når ny eldstad er montert. Melding kan gjerast her: 

Melde frå digitalt om ny/endring på eldstad 

 

Pipe

Endring og rehabilitering av pipe krev søknad til kommunen. Søknaden må bli utarbeidd og sendt til kommunen av ein fagperson.  

Andre krav kan også sette grenser for om du kan gjere endring på eigedomen, uavhengig av om du må søke eller ikkje. Desse krava kan du sjekke ved å gå gjennom lista under.
Andre krav?

Set deg grundig inn i reglane for eigedomen din. Det kan vere andre reglar som gjeld spesielt for din eigedom.     

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket blir utført i samsvar med dei reglar som gjeld i plan og bygningslova, byggteknisk forskrift (TEK17) samt byggesaksforskrifta (SAK10) .     

Er det tinglyst rettar, til dømes vegrett på eigedommen din?   
Dette finn du på www.seeiendom.no   

 

På bakgrunn av rettleiinga du no har gått gjennom skal du kunne vite om du:  

      Må søke kommunen om byggeløyve      

Kan bygge utan å søke kommune om løyve

Trykk på ein av boksane over for vidare rettleiing.